På setervei 3

Historisk stoff fra Surnadal si bygdabok v/ Hans Hylbakk.

Beskrivelse av tømmer i Vindøladalen.
I 1869—70 reiste forstassistent cand. juris. Johannes Sehiøtz gjennom bygdene i Romsdals amt for å sjå korleis det stod til med skogen. Rapporten hans vart trykt i eit lite hefte «Om Skovforholdene i Romsdals Amt», som kom ut i Kristiania i 1871. Skogtilhøva i Surnadal skildrar han ikkje med lyse fargar. Noko av det han skriv skal vi ta med her.
I Surendals prestegjeld, fortel han at det er liten plass for trevokster, og at den talrike befolkning har øydd opp det vesle som fanst av skog.
«Vistnok findes inden Surendalens Grændser endnu nogen Furuskov i de to Sætersdale langs Vindalselven og Folla; men den skal være vanskelig og næsten umulig at drive frem til Bygden i de til Hustømmer brugelige Længder, hvilken Omstændighed det nok for en stor Del skyldes, at den nogenlunde er i Behold. I de sidste Decennier er man derimod begyndt at fløde den frem som 4—5 Alens Sagtommer — et par tusinde tylvter aarlig — til det nyere Sagbrug paa Follerød ved Surendalsfjorden, saa at ogsåa disse Forraad nu snart skal være udtømte —».

IJASLÅTT OG MARKAFORING
I samband det som er sagt om framivoksteren i jordbruket må det vera på sin plass å sjå litt nærmare dei gamle bruksmåtane med markaforing og sæterdrift før ein overlet dei til segn og soge.
Det var gamal buksvis at slåttonna skulle ta til med Knut Konge eller Knut med ljåen, som det heitte (10. juli). Først ordna dei opp arbeidsbørna og slo frå veggene føre helga, og mondagsmorgonen bar det til for fullt alvor. Karane skårgjekk dei eine etter den andre bortetter ekra. Husbonden eller rådsdrengen gjekk først i skåren, deretter kom husmenn og slåttekarar etter alder og rang. På store gardar med mange drenger og husmenn kunne det bli fem-seks slåttakarar i skåren, og da hende, det ikkje sjeldan at det vart kappskåring på full hardinn.
Det stod ein viss age av ågilde slåttakarar, for det skulle eit eige lag til å vera slik. Sjølsagt var det bra å vera stinn og sterk, men var ein ikkje fellt og fallen til slåttakar, så kom ein ikkje langt berre med det. Enda meir hadde det å seie at ein kunne stelle ljåbørna si og halde eggjen kvass som ein rakkniv gjennom heile økta. For vart eggjen sjo, da nytta det ikkje å bruke makt. Det hadde berre den fylgja at eggjen vart tvinga meir nedåt grasrota og vart enda snarare skjemd, etter kvart som ein sand.drog eller steinhogg Ijåen. Ikkje alle kunne gjera oppatt etter han Gammel Kristoffer Krangnes. Han dreiv og slo oppi Knykslettå ein gong. Innmed kvelden merka han at ljåen hans tok til å bli litt sjo, og da han skulle tilsjå sat det ni barsauer på eggja.

Markaslått på Nordmarka kring 1930.
For naut og småfe var det meir enn gull det galdt, og det same kan vel seiast både om husmann og bonde. I Utistua på Sande er det fortald at den tida garden var udelt, sende dei fire karar innpå sæterstølen med same slåttonna tok til, mea fire andre dreiv slåtten heime. Men da dei vel hadde gjort det grøsvste drog også desse til dals, slik at det gjekk åtte mann og slo i marka. Men så fora det og 200 vinterlass markahøy. I Kvammen og Fugelsøya nådde dei opp i 300 vinterlass.
I Utistun på Røv tok to karar og ein breiar til i kvar sin ende av Vindøldalen og slo til dei møttest utpå haustparten ein gong, men da hadde dei ete opp fire surmøssmorostar og slete ut kvar sitt bryne, seiest det.
Surmøssmoret spela ei stor rolle i kosthaldet i marka. Surmossmør blanda med vatn kalla dei for penk, og det var overlag gildt til å sløkkje tørsten med. Elles var det surmøssmorsupe attåt allslag mat og surmøssmor blanda med smør eller rømme til å fylle «holluå» i grauten med. Skjør og syre kløvja dei med seg i store skjorflasker. Ost og smør og annan setermat henta dei på setrane ikring, og elles var det spekematen som var vissaste middagsmaten. Kokinga gjekk fore seg i ein nokså primitiv årestad ved høyløa. Det var gjernast to-tri steinheller som var sette på kant med ein trelurk i høveleg bøying over eldstaden. Paikall’n kalla del denne tenestekaren. Han var svart å sjå til, men var trugen i tenesta og varde utruleg lenge.

Åta gjekk føre seg ved ei bordskive som dei slo på veggen i løåskjelet. Dette skjelet var som eit lite gangrom under eit utstikk av taket i framenden av løa. Det vesle romet var av stavverk med bordklædning på sidene, men det var ein glissen og kald tilhaldsstad i haglskurer og surt haustver. Og like vel var det ein himmelsk herlegdom imot å stå og slå floke under open himmel. Det var mange som langa inn kaldgrauten og slokkerskjoret på det viset, når sveiten og regnet rann nedgjennom halskragen og snøelingane gjekk kvite i Slittknyken. Hustre var det ôg første natta i marka å liggja rund på ein rå grastopp innfor ein opeu glugge, men når så første tørhøyet kom under tak og landvinden huska hølinn og heit i haustnatta kring dei gamle novene, fanst det ikkje likare lossment i verda. Sjøl om ein låg rund — og sjøl om karar og kvinnfolk snorka og raut så takstolen letta seg over høystålet.

Det var eit hardt liv å liggja i marka. «Legg seg rund og stat oppatt som ein hund», sa dei for eit gamalt ord, og det høyde godt på markalivet. Straks det lysna av dagen, klokka fem-seks om morgonen, var det å velte seg ut gjennom gluggen og ta Ijåen fatt før dogga reiste sin veg. Somtid slo dei til åbits på fastande hjarte, men som oftas var det ei kakskive utati noko søvl attåt til foreåbit. Når dei hadde slege til klokka åtte, tok det åbitskaka. Det var ei lita kake som var kløvd i to og påsmurt med smør og mossmør imellom. Av denne kaka skulle dei også ha ettermiddagsbit før dei gjekk utatt til nonsøkta. Middagsmaten i halv tolv-tida var heittgjort eller ”påfunn” på kaldgraut som stod att frå kveldsmålet. Men var det heitt i vere var det best å eta kaldgraut og skjør. Dei snudde da skorpa på grauten og åt med god appetitt dei gamle braddane åt kvarandre. I firetida var det none med flatbrød og spekemat utan poteter, og i åttetia om kvelden vart det ny graut.

Men sjøl om alt kom velberga under tak, og sjøl om dei heldt på til sletta snøa ned, så var enno ikkje meir enn halve arbeidet unnagjort. Andre halvdelen gjekk ut på å føre foret heim til bygdan, og da først var det at det røynde på husmannsryggen. Om Hermund Honnstadporten var det sagt at han gjorde to vendingar for dagen når han drog høy innafrå Solveggene i Vindøldalen.
Husmannen Martin Mausetsollen hadde markaenga si i Stygglia innst i Vindøldalen. Dit drog han ein vending for dagen dei fem første dagane i veka. Men om laurdagen ville han kvile seg ut litt, og da for han berre innpå Bjørkøya i Vindøldalen etter ein drage. Det var innpå ei mils veg det ôg.
Det var knep og vane med draginga også. Det galdt å strekkje hendene, krumme ryggen under akselbandet og dra med heile kroppen og så fylgje med kjelken i staupa, slik at det gjekk framatt liksom av seg sjølv. Men var dragarskjækene passeleg oppattkrumma i bakenden, strika dei aldri når ein drog, men bremsa gjorde dei like godt når ein sette dei til vers i bakkane. Det var med skjækene ein heldt styring på dragen, og utan desse måtte det vera vanskeleg å dra nedetter liene.
Om høykjøringa frå markene kunne det sikkert vore skrive ei stor bok. Størst ordet går det om høykjøringa frå Folidalen. Det var ikkje vegløysa frå Fiskja og Fugelsøya til seterstølane deira innst i Folldalen, minst tri mil. Men frå Ner-Løset oppmed Romundstadbygda innpå Storsetra var det sikkert 4 mil. Fram og tilbake vart det da ein vending på 8 mil på lasset.
Når Folldalskjøringa tok til laut flest mogleg vera med og brøyte på veg. Somtid kunne det hende at det vart femti hestar og enda fleire karar i fylgjet, og når ein slik høykaravane seig heimetter myr og moar i frostkvite vinterdagen, da rådde ikkje fjellrypa grunnen heilt åleine.

Den som skulle ut på ein slik kjøretur måtte ta ut lenge før det lyste av dagen. Taksten var at dei skulle fara til ba og lesse på lasset og kjøre heimatt til Garden første dagen. Andre dagen gjekk så med frå Garden og heim. På Garden var det ei heil rekkje med stallrom åt hestane og ei stor gamal stue, og her koka karane kveldsgrauten. Dei hadde med seg mjøl og spedde på av kvar sine posar. Koka på samsen som gode kommunistar og åt som svoltne vargar av trefat så store at det var plass for tri. Etterpå kom pipa og bladtobakkdåsa fram, og skrønene gjekk lystigt mellom brisk og båsser innafor dei sotsvarte tømmerveggene. Somme fekk plass i stua, andre båssa seg ned i hestkrubbene i stallen, og det har vore fortald at hovudputa kunne vera ein isklump. Men når ein låg rund i snøstobber og hårlabbar og kanskje attåt hadde ein snau skinnfellrave å breie over seg, så var det utruleg kor ein berga.
I Vindøldalen gjekk det til mesta på same viset, men her rakk dei som oftast å gjera vendingen utan å overnatte. Dei som skulle heilt innpå Eiterdalen, Kløftsetra og Breiskaret, tok da gjernast heimafrå klokka 2 om natta og nådde fram til fra i 6.tida om morgon
Gjennom tidene har det sigla mange tusen slike lass nedover Bankaren frå Vindøldalen. Vakkert var det når eldslogane lyste ved løene over all dalen i haustkvelden og kringelhanke ljøa frå slett og slå. Men storveges var det og når stjernene tindra over kvite bruner og nakne fjell og synte vegen i vinternatta for trøytte husmenn lange høykaravanar på ferda heim under himmeltaket.
Om timeløna var lita og høystråa magre, så såg dei like vel noko som er løynd for dei motoriserte.

SÆTERBRUKET
Som før fortalt var fedrifta i den gamle sjølforsyningstida basert på sommaren og steterbruket. Den tida krøtera var på sætra vart kalla for sæterferda, og sia det no er heilt slutt på denne driftsmåten, kan det vera rett å friske oppatt litt om livet og arbeidet på sætrane også.

Sæterdrifta er truleg like gamal i landet som gardane sjø1. I kvart fall fortel Snorre at Olav Haraldson tok inn på sætrane mellom Sunnmøre og Lesja da han laut rømme landet og fara til Gardarike. Her i bygda ser vi merke etter dei gamle sætrane frammi liabrunene. Desse attgrodde sæterstølane skriv seg frå den tida storparten av gardane hadde si eiga sæter, og i matrikkelen av 1723 kan vi lesa at det jamnast var berre ein fjerdings veg mellom sætra og garden. Men etter kvart som markaslåtten vart meir utnytta både av gardmenn og husmenn, laut folk rydje seg nye stølar lenger til fjells og dals, og såleis vart det berre gammel-sæter.namnet att heimpå liene.

I 1720 bygde Lars Ingebrigtson i Utigard på Honnstad den første sætra innpå Kløfta i Vindøldalen, og same leitet hadde Hans Bernhoft i Utigard på øye sæterhus innst i Folldalen. Markaslette og sæterhamning vart store herlegdomar, som gjekk i arv og heimafylgje gardimellom. Såleis vart Heggsetgarden på 1700.talet eigar av sæterhamn på Eiterdalen og for dit med krøtera sine.
Frå 1830-åra auka det jamt på med denne straumen til fjells. Men på gardar som Harang, øvre Sæter, Mauset, Honnstad, Sogge, øyan, Ranes og utover stranda, vart heimesætrane haldne oppe så lenge sæterdrifta stod ved lag.

Det var feite og gode hamningar i dei store sæterdalane på sørsida av bygda. Her kunne dei halde krøtera til langt ut i september — til stor nytte og glede for dei som låg i markasletta kringom, og her var det såpass romsleg at det gjekk an å slå ihop og drive samsætring for fleire gardmenn. Dermed spara ein mykje av utlegget til sæterfolka. Denne samsætringa var eit system som vart meir og meir praktisert her i bygda. I andre framskotne sæterbygder som Todalen og enda meir i Sunndalen hadde mykje godt kvar bonde si eiga sæter. Ja, i Sunndalen åtte til og med husmennene sine eigne sæterfins. Spiren til eit bondesamyrke i denne sektoren var såleis meir framskoten her enn mange andre stader.

Vilkåra for leige av sæterhus og sæterhamn kunne no elles vera så ymse. I Mosokna var det ein gamal takst at dei bondene som hadde krøter på annanmanns sæter skulle betale hamneleiga med å kjøre 2 vinterlass høy frå Folldalen eller Vindøldalen, og dette var same betalinga som for melder. Husmennene hadde sæterretten sin svart på kvitt på bykselseddelen. Som regel skulle dei skjera 1 mæling åker for kvart ugagnskrøter dei hadde på sætra og 2 mæling for mjølkarkyr. Da fekk dei kyrne sine mjølka og stelt, men måtte sjøl syte for å hente avdråtten. Husmennene skulle àg vera med i håbolla og hogge sæterveden, men høyde det så formeins at dei var opptekne med anna arbeid nett denne tida, var det råd å få hogge seg fri med å hogge 2 famner ved. Gardfolk som sett bort krøtter sine for betling utan alt dei var med og held sætermaten, betalte kring 1930 8 kroner for kua og var med og hogg sæterveden.

Sjølve hopsætringa gjekk no for det meste ut på at dei medverkande partar heldt sæterfolk og sæterkost i tur og omgang. Kvar si sæterferd eller kvar sine deler av sæterferda etter som dei var ulike eller jamspente til i buskap og krøtertal.
Sæterfolka var no jamnast berre sæterdeia og gjætaren det. Men var det meir enn 25 mjølkarkyr, hadde sæterdeia krav på å få ei litlsæterdeie attåt seg. Litlsæterdeia var helst ei gjente i konfirmasjonsalderen, som skulle hjelpe deia med mjølking og anna arbeid som føre fall. Det var som eit slag meieriskule. Men elles var gjætargutane og flinke til å mjølke og kjinne.
I Rindalen var det oftast kona på garden som var sæterdeie, men i Surnadal var det helst leigde kvinnfolk, som hadde det til fast yrke å vera på sætra. Som regel var dei leigde berre for sæterferda. Resten av året dreiv dei laustausarbeid med veving og spinning og anna hjelpearbeid på gardane. Vekesløna på sætra var den same som for onnatausa — frå 3—4 kroner kring 1890 til 10 kroner kring 1930. Mange av desse sæterdeiene var gamle og trugne i tenesta og gjekk dei lange, kronglete sæterstigane sommar etter sommar, så lenge helsa og føtene heldt.
Gjætaren, eller gjetlholken, som han ôg vart kalla, vart nok i dei fleste tilfelle rekruttert frå stua eller husmannsplasen. Ofte debuterte dei som litlgjætar i lag med einkvan som var eldre, og i dei tidene ungdomen gjekk for presten til dei var 20 år, kunne skjeggrota bli nokså stinn før dei la frå seg gjetlskreppa. Somme gjætte berre i sæterferda, men i dei aller fleste tilfelle var gjætaren tinga for heile sommaren. Løna var da som oftast eit skopar, 20 hosepar, to skjorter og ein vadmålsklædning. Dessutan kunne han somme tider få sette seg ei skjeppe poteter i husbonds åker. Pengar derimot var det aldri tale om. Tiårsalderen var vanlegaste startgrensa, og både gutungar og dråkungar var jamstelte i verneplikta.
Etter gamal skikk tok slåttonna til med Knut Konge eller Knut med Ijåen, — 10. juli — og da måtte sæterflyttinga vera fråseggjord.
Bygdefolk hadde mange gode merke på rett flyttetid:
«Når snøflekkjin går-tu Sandfjella e de krøttermat e Folldala», sa lei oppi Fiskjasgrenda.
«Når Knykgrøåinn e grøn e de grønt på støla», meinte dei lenger aedi bygda, og «når blenningen bit e de sætertid», var au ett gamalt merke.
Merke på goat og vondt fylgde no elles med over alt. Var det ei ku som rauta og sytte og var meir enn vanleg unåau når ho nærma seg sætra, så var det sikkert teikn på at ho kom ikkje heimatt meir, men var det mymaur på dorhella framfor skjelet tydde det beppe og hell både for folk og fe. Kongelvev i fjosdøra eller mellom tyene i fjøset var ôg eit godt varsel, og bumus på stølen og linerle i steinutgarden var heller ikkje å forakte. Orm ved skjelet og mark i mjølkekoppane peika derimot ein annan veg.

Sæterflyttardagane, eller buferdsdagen som han visst vart kalla i gamal tid, var store dagar for folk og fe. Krøtera kjende det på seg når tida var koma. Dei rauta og styra og ville i veg, og det var ikkje vanskeleg å få dei frå sommarfjøset den morgonen. Det var berre ungfe og toskete kalvar som det var noko dragster med, men snart så drog dei liksom vér av at det var noko uvanleg på ferde dei åg.
Grytidleg på morgonen bar det i veg. Flyttardagen var den same for alle i grenda, og fåe eller ingen trong fara einbøles med buskapen sin i sæterstigane. Det kom folk og krøter frå alle gardar og plassar. Store og små buskapar rak ihop på samlingsplassane og fann stigen til fjells. Krøtera rauta, bjøllene skramla, budeiene lokka og gjætlholkane ropa kunamn og kommanderte i troppene sine, så ein mest ikkje høyrde manns mål. Det var ikkje grei sak å halde styr på farkut ungfe og ovmodige øksner som ville stangast, men som oftast var det no vaksne folk med som sæterjagarar. Kløvkarane med kløvhestane var heller ikkje langt unna, men som oftast for dei no fortare enn buskapen rak, så dei kom fram til sætra litt før dei andre. Somme stader skilde bustigen og kløvstigen lag og gjekk kvar sine leier, men dei møttest no allveg før dei nådde same målet.

Første arbeidet som laut gjerast på sætra var å legge alle ringene og andre trekoppar under troa så dei fekk trutne, og sia var det å koke einlaug og skure og vaske, så alt vart skinande kvitt og reint.

Det var ingen store og staselege våningar sæterfolka fekk til å snu seg i dei sju-åtte vekene sæterferda varde. Både i Surnadal og Rindal var sæterhusa for det aller meste todelte. Det var bua og skjelet. I skjelet dominerte åren med storgryta i den eine kråa, og der gjekk ystinga føre seg. Langs veggen mellom bua og åren stod senga åt sæterdeia i mørkaste kråa, og innmed glaset på framsida stod matbordet med kopprekka på veggen ovafor.
Gjætaren vart plasert på mangeslags vis. På somme sætrar låg han i ein kasse som dei skuva innunder skjelsenga om dagen. Ei slik primitiv seng vart gjernast kalla for ei bøssu, og dei som låg der dei gjekk ikkje til sengs, men dei båssa seg ned. På andre sætrar var bøssua fasthekta på veggen ovafor skjelsenga eller på mantillen ved åren; men på større sætrar bygde dei oftast ein lem over den halvparten av skjelet som var nærmast bua, og her låg da både gjetlholken, kløvkarar og andre som overnatta. Brisken kalla dei denne lemmen. Det var ein mørk hugnadleg stad å kvile på, men ofte andmokt når det vart for mange om romet. I seinare tider fann somme på å bygge attåt eit sengkammers på skjelet, men slik komfort høyrde no ikkje gammeltia.

I bua var det hyller av klovningar langs veggene i to høgder, og lier stod mjølkeringene og samla fløyte. Her stod rømmedallen, åfyllfatet og skjørstampen, og her var det lagerrom for ost og smør ig sætermat av alle dei sortar. Ofte var det berre glugge istaden for gas i bua, så det var halvmørkt og svalt under torvtaket.

Både skjelbygninga og sæterfjøset var tømra av feitt altømmer, i fjøset var novene mindre ihophoggne, og stokkane kunne bli bruka som dei kom frå skogen, utan øksing eller høvling. Eit slikt seterfjøs med veldigt rundtømmer i tri stokklengder stod på øvre Klæftsetra Vindøldalen, men er no nedrotna for lenge sia.
Slike tømmerfjøs var gjerne delt med tvervegger i fleire rom, og kvart rom vart kalla ei tye. Det vil vel seie det same som eit kot å ty til eller eit rom som var tubytt. Det kunne vera opp til 12 naut i ii slik tye, og her som heime i sommarfjøset, var krøtera bundne til veggen med eit kuband som dei kalla for kringnålband. Dette bandet var gjort av eit tretykke med ho i eine enden til vilja som var festa til fjøsveggen igjennom eit hol i mest nederste stokken i veggen. I andre enden av trestykket var det ein vinkeikrok med hol. Kringen kalla dei denne kroken. Gjennom holet i denne stod så ein trebolt som heitte for kringnåla. Ho var vidare i eine enden, slik at ho ikkje kunne dragast gjennom kringen att. I andre enden av nåla var det hol til vidje som batt bandet til klaven.
Seinare vart det mest langband som kom på bruk. Dei var enklare, meddi det berre var eit langt trestykke med hol til vidjebandet i kor enden, men det var ikkje så ledasamt og lugomt ål krøtera som kringnålbandet.

Kuklavane var av einer eller hegg. Oppådelen, eller låset som heldt klaven ihop over kuhalsen, kalla dei avrelid eller arvellå. Båe nemningane var bruka om einannan. I Sunndalen kalla dei det nårvillå, og det kan tyde på at namnet hadde samanheng med ordet nårv. Under gamle skjelgolv og sæterfjøs kan ein enno slumpe til å finne eit og anna kringnålbandet, og det hadde sikkert ikkje vore til skade anten for kua eller bonden om dei kom på bruk att.
Sæterfjøsa var oftast bygde så lågt nedmed jorda at det vart liten plass til gjødsla under golvet. Møkkjagluggane var derfor ein halv- meter oppå veggen, så det var ikkje lett for gjætaren som skulle strende fjøset.
Sauene var det mest brukeleg å samle i grindar på stolen. Slike sauegrindar kunne vera frå 1 – 1 1/2 meter høge og var ihopsette av 4—8 bolkar ettet storleiken på saueflokken. Bolkane var ihopknytte med vidjeband. Somme grindar hadde kvasse pålar til å stappe nedi jorda, men store åttebolka-grindar stod helst lause på tufta.
Sauegrindane tente to føremål. For det første heldt dei sauene samla om nettene så nære skjelet at sæterfolka kunne nå-til å verje sauene mot åtak frå bjørnen. For det andre var det ein praktisk måte å gjødsle stølen på, når ein passa på og skifta rom med dei så no og da.
Sist på 1800-talet tok bjørnen til å bli så nærsøkjen at det var rådlaust å berge sauene i grindar, og da var det mange som la inn saulem i sæterfjoset når dei bygde nytt fjøs. På Eiterdalssætra var det såleis ein gild saulem over heile fjøset, og på Mellingsætra i Soyådalen står fjøset med saulemnien den dag i dag. Saulemmen var bygd slik at endane av golvet stakk ut ein halvi Icr eller så uedafor rafta. Han måtte vera bra tett og halle så lI4IeIeg frå midta og utover, slik at landet rann utfor veggen, men ii1a ville det ofte bli ufyse åt krøtera nedunder. På Røsta i Vindøladalen vart det bygd serskild fjøs for sauene, og elles vart no lem grindar bruka om einannan.

Til sæterkomplekset høyrde sjølsagt også ei stølsløe, som stod så langt nedpå stolen at det var lett å berge høyet inn på sloe eller tremeislede. Vedskylet på sætra var som regel ei forlenging av skjeltaket på den enden som snudde frå veret.
Det som her er sagt om sæterhusa gjeld berre så langt tilbake som minne og tradisjon rekk. Lenger atti tid og aldrar var det nok meir primitive greier, med jordgolv både i fjøs og skjel og røykomn eller gruve på golvet i det einaste vesle romet som fanst. Oppmed Snausin ved Meldalsgrensa fanst det eit slikt sæterskjel så seint som i 1902, men ingen kunne minnast det hadde vore på bruk.

Arbeidet på sætra gjekk ut på å foredle mjølka til smør og ost. Som før nemd spela sæterprodukta ei viktig og avgjerande rolle både for økonomien og for kosthaldet på garden ut over hausten og vinteren Sæterdeia hadde derfor sinte verdiar å forvalte og var heller ikkje sjøl uvitande om det.

Arbeidsdagen tok gjerne til klokka 4 5 on morgonen. Da var det å gå til fjøset på «fastans hjart» og mjolke krøtera, for klokka 7 var det fast takst at buskapen skulle vera utløyst. Åbit vart det først når gjætaren var utnista og sendt avgarde med buskapen og mjølkekoppane var oppvaska. Åbitsmaten var helst «påfunn» eller «heitt. gjort» på kaldgraut eller skeibladkake med smør og ost og mjølk og skjor attåt. Kaffe var korkje kjend eller bruka på sætrane før kring 1860.

Maten og måltida elles var no elles del same som heime, sånær som det at det vart braka meir mjølkemat. Til middags var det gjerne mjolkesupe med flatbrød, knost og smørbeta. Osøll var og velsmakande mat: Når del laga gammelost tok del av osten før han var koka, la han på ein tallik og slo rømmeskjor over. Nonsmaten var mest spekemat med surmossmorsupe attåt, og til kvelds kom så den trufaste grauten.
Ein liten matbit var det no elles bruksvisen å rive i seg før kveidsmjolkinga tok til i mekveldsleitet, for klokka kunne bli både 9 og 10 for sæterfolka etter dagsens strev kunne ta grautskeia i handa. lJtrekna etter timelona kom dei ikkje i nokon høg løusklasse del gamle sæterdeiene.
Arbeidsreidskapane verka vel heller ikkje til å lette arbeidet og gjera arbeidsdagen kortare. Før blekkvarene sine dagar var alle koppar og kjerald av furu og einer med vidje- eller hatleband til gjører ikring. Mjølkebottene var noko mindre og lågare enn vanlege vassbotter. Dei hadde ein ørstav på kor sida med hol til å feste havet i. Var dette havet av tre, brukte dei bøttknappar til å feste det med. Elles brukte dei ofte eit kjerald dei kalla for staup eller stavbøtte å mjølke i. Dei var høgare og smalare i botnen enn bøtta og hadde berre ein ørstav, som tente til handtak i staden for havet. Staupet brukte dei og til å gi kalvane drykk med.
Mjølkesilen var ôg av tre. Han var på skapelong som ein ølbolle med ei fjøl, som var fastgjord med rekspon under hotnen på silen. Til silklut brukte døi noko dci kalla for silhår, som døi batt av kuhår eller bukkeragg. Silhåra var ein firekanta lapp med ei lykkje i eine enden og var bunden med bein- eller massingnål på same viset som hårlabbane. I del aller eldste tidwnw sila dei sikkert mjølka gjennom barnål. Skulle dei bera mjølka noko lang veg, sila dei helst i mjølkedallar og bar i vassgrei men mest vanleg var det å sile i ringer. Av desse var det tri slag: det var vanlege ringer, tappringer med tappingere med botnen og stavringer med ørstav til å halde i når ein bar dei. Desse siste var som regel noko større og vidare enn vanlege ringer.

I tappingene sila del helst den mjølka dei ville bruke før det det vart kjør av henne. Dei fløytte da mjølka på den måten at dei let henne renne ut gjennom tappholet så rømmen vart att i ringa. Når dei rente mjølka or vanlege ringer bruka dei ein såkalla mjølkespade med same rumming som ringekanten og på denne spaden heldt dei att rømme. Men om dei no bruka flathanda til spade, vart det no smør av rømmen for det og.
Rennmjølk var namnet på den mjølka som var rent, blåmjølk når ho stod til ho blåna i ringa. Av rennmjølka laga dei søtost, kvitost eller mjølkost. Men elles var det mest vanleg at mjølka stod til det vart smør av henne, så fløytte dei av tjukkrømmen med ei flat ause eller sleiv og auste han opp i rømmedallen eller beinast oppi kjinna. Skjøret slo dei opp i skjørstampen. Han kunne ta opp til ei tønne, og dette vart rekna for eit ostemne. I seinare tider brukte dei r re ei halv tonne til østen.

Smøret vart kjinna i stavkjinne. Det var ein runn stromp vel så ein meter høg og trongare nedmed botnen enn oppi øverkanten. Staven som dei drog opp-ned i strompen har namnet tvørull eller tvørull. Han såg ut som ein skistav med kringle, og kringla kalla dei tvørullkorsen. Når smøret var ferdigt, bråka dei det i smørtrauget, salta det og la det i smørdallen, som kunne ta opptil 15—20 kg. Av små husmannspartar vart det ofte vanskeleg å samle så store rømmeskvettar at det vart til ei kjinne, og da måtte dei låne av andre for å få til ein liten smørklepp.

Gammelost laga dei på fylgjande måte: Når skjøret hadde stått i kjørstampen til det var så passeleg surt og stint, tok dei og auste det opp i storgryta, som hekk i høveleg høgd over elden i ein stor vinnar av tre. Osten vart så koka i høveleg varme til han saud og sokk ned. Nedkokaost kalla dei det i Sunndale1 Seinare vart det brukleg å koke osten kluten, men den bruksvisen høyrer heime hitafor hundreårsskiftet. Til varmemålar bruka dei helst herre handa, og som prøve tok dei gjerne ein liten ostklepp og klemde mellom fingrane. Skvitra det møssu or osten, var han for kald og uferdig.
Når osten hadde koka lenge nok, auste dei han opp i ostforma, som stod på ei ostkløft eller ostgrind over møssustampen. Dei pressa så utor han mossua, la han i et knøtraug og knøa han til så lenge han ”fekk øln fær se”. Så let dei trauget med osten stå innmed varmen ei stund, tømde han atter opp i ostforma, knoa han godt ihop og let han stå i forma til han tok til å gjerast utapå. Sia tok dei han ut, vaska han vel med einlaug og sette han på ei ostnever ovafor åren. Mykje brukeleg var det og at budeie og gjætaren hadde gammelosten nedmed fotenden i senga om nettene. Lukta var vel ikkje allveg så grom, men ingen vart plaga av somnløyse av den grunn.
Til å ause mussua opp frå storgryta og over i den tomme skjørstampen bruka dei gjerne ei stor koparskål eller ei kåkse, med tut på eine sida. Slike kåkser var ofte maksla av ein diger rotknøtull og var på storleik som ein drygvoren ølbolle. Når møssua var sika, var det allveg noko småost att på botnen av gryta. Denne småosten hadde ymse namn, i Rindalen kalla dei det krogg og i Sunndalen tjorå, men her i bygda heitte det knøst. Somme bruka knøa denne grynosten atti gammelosten, men for det meste vart han bruka til sætermat saman med rømme og skjøråbrød.

Av surmøssua koka dei surmøssmør. Arbeidsmåten var denne:
Når dei hadde aust møssua opp i stampen, let dei ho stå til ho klårna. Så sika dei ho gjennom ein klut opp i storgryta igjen og koka så møssmøret til det var passeleg stint. Når sæterdeia skulle kontrollere om det hadde koka lenge nok, tok ho av mossmøret i ei ause, som ho heldt framfor seg idet ho bles over kanten av ausa. Dersom det da synte seg snerk borimed hin kanten av ausa, var mossmøret koka lenge nok. Dei auste så møssmøret opp i ei bøue og let det stå til det kolna, idet dei rørde i det ein og annan gongen. Ofte laut det stå i fleire dagar, men det var allveg bedre at det stod i lengste laget enn at det var koka for lenge. Når møssmøret så var som ein halvstinn graut, tok dei og tømde det opp i ostkoppen.
Til surmøssinorkoppar brukte dei små ringer med hol i botnen. Dei la papir eller fin never i botnen for dei auste møssmøret oppi, men først laut dei vaske og bløyte koppen vel, så ikkje ostell skulle sette seg fast.
Surmøssmøret var ei velsigna herlegheit, først og fremst for sæterilvet og dei som låg i marka. Det kunne brukast i alle slag variasjonar til mange slag mat og drykk, og del kjærkomne «slipsteinan” stod seg utover vinteren og sette kraft og farge på kvardagskosten til neste sæterferd.

Av søtmussua koka dei søtmøssmør, som vil seie omlag det same prim. Framgangsmåten var noko den same. Skilnaden var berre den at dei koka det ikkje så stint, og så laga del ikkje ost av det. Dei rørde det passeleg lenge i gryta og let det stå til det kolna. Og når det stod slik og kolna måtte dei vera ytterst varsame så dei ikkje uroa det, for støytte del borti det før det kolna, ville møssmøret bli senne (sandut), som dei sa.
Reidskapen dei brukte å sprenge sømjølka med kalla dei ein kjese. Kjesen fekk dei på det viset at dei slakta ein kalv når han var tri dagar gamal og tok magen ut or han. Dei tok så osten ut or kalvemagen, vaska han vel i kaldvatn, sika så vatnet av og strødde fint salt på osten, så han ikkje skulle skjemmast, og plaserte han deretter i kalvemagen att. Deretter tredde dei ka1vemagen med osten på ein pinne, kjespinne. Etter bruken vaska dei kjesen i reinvatu og hengde litti på veggen til næste bruk. Men vaska dei kjesen alt for vel, vart han udugeleg. Det gjekk an å bruke kjesen utan ost også, altå berre i turne kalvemagen, men han var monaleg bedre med ost i.
Ysting av søtmjølk var lite kjend for 187O-åa. Etter denne tida ar det brukeleg å yste mjølkost eller søtost første dagane dei var på sætra for koppane trutna, og like eins siste dagane i sæterferda når dei bytt-tu.
Siste dagen på sætra sila dei i storgryta og koka dravle. Dei koka da så dei åt både sistkvelden og hadde med seg heim til sæterhelga, det var storveges til høgtidskost.

Mjølking og matlaging, ysting og kjinning var såleis dei viktigaste gjeremåla åt sæterdeia. Men gjætaren hadde og sin arbeidsdag og sine oppgåver å røkte. Først laut han strende og sope fjøset, og sia var det i fylgje med krøtera og gjæte dei på del stadene der dei skulle gjætast. Som regel var det faste dagar for buhamna gjennom heile veka. På Kløftsætra var veketabelIe slik: Mondag oppi Stygglia, tysdag og onsdag oppi Fagerlidalen, torsdag Vasstlalsbrunene fredag heimafor innmed Breiskardbekken, laurdag i Skrøålia og søndag Fagerlidalen.
På Eiterdalen bytte dei veka mellom Fauskådalen, øyane heimate Benkene bortafor elva og Eiterdalen innfor sætra. Men når del jaga krøtera iuni dalen trongst det inga gjæting, så gjætaren fekk god tid å hjelpe sæterdeia med ymse arbeid.
Drygaste gjætla var det på dei sætrane som låg nærrnare bygda, for der var det slåttaeng i alle glenner og myrgjøter, så det mesta berre vart rabbane og ruskenga att til krøtermat. Verst var det kring Langora og sætrane attpå Nordmarka, for her var det så mykje husmannseng.

På somme sætrar hadde dei serskilde sauegjætarar. Gamle L_ Sveen i Lommunddalen fortalde at han var gjætar i Søyådalen i 1862. Der var det i alt 7 gjætarar den sommaren, og av dei var 6 dråkungar. Dei gjorde skift på, slik at ei av dei hadde fridag kvar veke, men så var det slik at den som hadde fridag skulle gjæte sauene, og når dei da hadde kring 700 sauer å gjæte, så vart det ikkje rart med fridagen heller.
Det var ikkje nokon barneleik å vera gjætar. Det hende nok at han laut huje og skrike åt bjørnen og når han ville ta seg eit matamål. På Røsta var det ein gjætar som seinare vart kalla Gris-Ola og som vart slik ein namngjeten bjønnaskyttar. Ein gong oppi Tinnfjella, da bamsen ville ta bjøllsauen na bessmor hans, prang han på beistet og slo av ryggen på han med ein rognstaur, er det sagt, men det må vel helst vera ei skrøne. For det meste heldt bjørnen seg roleg i tortliene dagsens tid når det var folk i farleia. Det var helst i haustmørkret han søkte innåt stolen og sæterfjøsa.
Men uredd kunne ein no aldri vera. Innmed Rinnhatten drap bjørnen 46 sauer i ein gong sommaren 1864. Bjørnen dreiv sauene ihop ved ein berghamar bortmed eit vatn og fekk tak til å slå del i hel for ende. Men sæterdeia, ho Guri Aunabakken, la i veg og berga dei sauene som var att, mea bjørnen stod på bakføtene og fræste mot henne.
På Holtasætra i Vindøldalen var sæterdeia såpass tyau at ho sprang-på bjørnen og daska åt han med ljøsklypa.

Sistdag på Holasætra 1930 med kløvhestar og flyttefolk.
Mange rådgjerder vart bruka for å halde bjørnen borte frå sauene. Knuskkjuker la dei i jorda og tende på så dei rauk heile natta. Men frakaste råda var å brenne stokkeld på stolen. På Eiterdalen brende dei stokkeld heile natta ein haust kring 1890, men bjørnen slo seg igjennom berre så brandane fauk, bykste oppi sauegrinda og tok bjøllesauen med seg i klørne. Av slike bjørnesoger frå sæterlivet finst det enno mange att mellom dei gamle.
Iike vel var det no korkje bjørnen eller vargen som var verste for sætergjæte Nei, det var regnet og skodda, haglelingar og hustrige haustdagar, da krøtera tok til å renne etter soppen og fjellet var grått og trist. Muderinga var heller ikkje så vel skikka til å halde væta ute frå kroppen. lkkje var det oljeklæde og sjeldan skor på føtene. Gjætaren gjekk i labbar, som var sola med ravane av gamall skinnfell, og dette fottyet var ikkje til å veda i myr og dikje med. Slike nagelbitdagar kunne det ofte vera ei trøst å få sppringe ølen i seg, men elles var det ein veikjend måte å verme hender og føter i friskt kupiss.

Men gjætaren hadde og sine herlege dagar, da feet roa seg i feite grøer og sommaren skein høg og heit over tiud og tåer. Da lauga han seg i tjønnene, og da spela han på seljeføyte og bukkehorn. Da gjorde ham nestingar, som han selde for ein halv skilling stykket, og da laga han visper og dallstikker og andre tenlege ting til heimafylgje frå sætra. Gjætaren kom i nær kontakt med naturen og vart godvenn med skog og fjell og alt som der høyrde til, og dette vart ein styrke og rikdom som han seinare bar med seg gjennom livet. Ein rikdom som notidsungdom ikkje eig.

For gjætaren kom det no elles mykje an på korleis sæterdeia var. Det var ho som skulle vera både husbond og mor for annanmanne barn i sæterferda. Fylte ho den oppgåva si med ansvar og hjartelag, var halve børa bortteken. Men var ho ei gamal gribbe, eit hesptre og kjåkhonn, som ikkje gav anna enn vondt ifrå seg, så vart det ikkje hunden for godt.
Som regel kan det visst seiast at dei fleste ikkje var av dette slaget, men nektast kan det ikkje at mange sæterdeier, og serleg dei eldre, var knipne med rømmeskjøret. Saka var den at mest mogleg sæterdrott skulle koma heim til gards, og difor såg mange deier det som ei stor statmannskunst å spara på søtmjelka og rømmen. Skikken var no den at gjætaren skulle ha ei kjinnbløyte kvar gong det vart kjinna smør, og heilt visst dersom han sjel drog kjinna. Men det fanst gjætarar som aldri fekk smaka anna enn blåmjelk og slokkerskjor om dei drog kjinna aldri så mykje. Ja, sjøl om dei stod opp med sæterdeia og mjølka helvta av buskapen kvar dag.
I slike tilfelle er det ikkje vanskeleg å forstå at det sæterdeia vann i gunst og vørnad hos husbondsfolka sine, det tapte ho hos gjætarguten sin ikkje berre for ei stutt sæterferd, men ofte for heile livet. Men lier er vi inne på ein sosial mentalitet som høyrer eit anna kapitel til. Så mykje kan visst seiast om husbonden og gardmannen at han i slike tilfelle var mindre nøyen på kjinnbløyta og remnien enn sæterdeia frå husmannsplassen.
Da kan det heller vera bra å sjå aldri så lite på fraktreidskapen
Sjølve kløvsalen er vel enno såpass ålment kjend at han ikkje i reng nokor skildring. Han var av tre, forma etter hesteryggen og med to hefte til meisene på kor sida. I gamle dagar var det både tobogameis og einbogameis. Tobogameisa var vel om lag den same som enno blir nytta, med ei vidjegrind på kor sida av kløvsalen. Einbogameisa derimot hadde herre ei grind, som gjekk i ein boge over hesteryggen og ned på kor sida av hesten. Her i bygda har visst dette slaget vore lite nytta, men i Sunnilalen var det velkjend. For å varne hesten mot varme og gnagsår var det brukeleg å legge purkeskinn under kløvsalen, for dette var så framifrå til å trekkje åt seg sveiten frå hesteryggen.
Til klovjing av meir flytande varer bruka dei store skjørf1asker, som dci hatt fast med vidjer og nestingar. Til osten bruka dei ostebommer. Skjørflaskene var som store ovale ringer med logga botn på båe sider. Dei hadde jarnhanke i øvste kanten til å hekte på meistrea og eit rundt spunshol til å fylle skjøret gjennom. Til det arbeidet vart oftast nytta ei såkalla skjortrett av gadd eller fururot. Ostebommene var av same fasong som flaskene, men større og for det meste ihopnagla istaden for logga.
For å halde meisane ut frå sidene på hesten laut dei «meis opp», som det heitte. Dei slo da cii taug eller vidjeband frå meis til meis over hesteryggen og drog-åt så meisane kom utfrå hestesidene. I Sunndalen kalla dei dette bandet for ei slekkje.
Ei vanleg klov vart gjerne rekna til 5 våg eller 90 kg. Men når i kløvja frå sætrane i Folldalen, la dei jamt 9 og 10 våg i kløva. ”Storløsetin» kløvja i si tid mang ei tivågakløv frå Storsætra. Når det lei uti augustmånade1 var det som regel ikkje langsamt sætrane, for da tok markaslåtten til, og da livna det opp kring alle løer. Da vart det avsetnad på syre og skjør, og slåttefolk både gard og plass fann vegen til sætrane.

Sæterlaurdag på Skarvkleiva.

Og så omsider kom sistkvelden med rømmegraut og dravle på bordet og festleg samver utetter kvelden. Den natta var det ikkje brukeleg å sova så mange timar. Skjemten og skrønene gjekk muntert mellom skjelveggene i lyset frå åreelden til langt på natt, og før det lyste av dagen var dei som hadde lengste sæterstigane oppe og løyste ut krøtera. For det var om å gjera å koma til bygdan saman med dei andre og ikkje bli liggjande etter i stigane.
Sætlaurdag kalla dei desse laurdagane da dei flytta frå sætra. Da var det stort frammøte både på Sandholtå, på Skarvkleiva på Røv og mange andre stader. Folk og fe vart helsa velkomne heimatt
bygda, og stor stas vart det gjort både på gjætar og budeie. Det var serhelgfest med budeiedans i bondestua eller i ungdomshuset, på særsondagen var gjætar og deie æresgjester på dravle og kjøtsådd hos hsbondsfolket sitt og fekk plass i høgsetet ved langborenden. Det var gledeshøgtid og sæterhelg over heile dalen.