Gamle vedtekter for Vindøldalen hytteforening inntil 7. august 2016.

§ 1 FØREMÅL
Vindøldalen Hytteforening har til føremål å verne om staden sine interesser slik at området forblir ein trivielig stad. Foreninga skal ivareta medlemmane og alle brukere av dalen sine interesser ovenfor og i samarbeid med grunneigar, kommune og andre.

§ 2 VIRKEOMRÅDE
Foreninga si verksemd er begrensa til Vindøldalen inklusive regulerte hytteområde på gnr. 13 og gnr. 14 samt hytter som ligg innanfor verneområdet.

§ 3 MEDLEMSKAP
Rett til medlemskap har dei som eig eller bygsler grunn innanfor ovannemnde område. Eventuell utmelding av foreininga må skje skriftleg innan 1. mars. Medlem som ikkje etter purring betalar kontingent, skal strykast som medlem etter eitt år.

§ 4 MEDLEMSKONTINGENT
Kontingenten blir fastsett av årsmøtet. Kontingenten betalast på forskott og følgjer kalenderåret. Endring i kontingenten blir å gjelde frå kommande nyttår.

§ 5 STYRET
Foreininga blir leia av eit styre på fem medlemmar og tre varamedlemmar valgt i rekkjefølgje. Varamedlemmane møter på styremøta med tale- og forslagsrett, men utan stemmerett når styret er fulltalig. Formannen, styret og varamedlemmane blir valt på årsmøtet. Styret blir innkalla av formannen når det er naudsynt, men skal og kallast inn når ein eller fleire av dei øvrige styremedlemmane forlangar det. Styret skal føre protokoll over forhandlingar og avgjerder og denne skal godkjennast av samtlige frammøtte styremedlemmar. Styret kan ikkje ta opp lån for foreninga eller på annan måte forplikte medlemmane økonomisk utover kontingenten.

§ 6 SAKER TIL ÅRSMØTET
Eventuelle forslag som er ønska behandla på årsmøtet blir sendt til styret innan 1. juli.

§ 7 ÅRSMØTET
Årsmøtet blir halde i august – september.
Betalt kontingent gir møte- og stemmerett. Partnarar har møte- og talerett, men det blir gjeve kun 1 – ein – stemme pr. hytte eller tomt ved avstemningar.
Årsmøtet blir tidfesta av styret og gjort kjend minst 3 veker på førehand ved sirkulære eller pr. e-post til medlemmane. Saman med innkallinga skal det sendast ein revidert rekneskap samt eventuelle innkomne forslag. På årsmøtet, som blir leia av dirigent valt av årsmøtet, skal behandlast: – Styret si beretning – Revidert rekneskap – Vedta aktivitetsplan med tilhøyrande budsjett – Fastlegging av komande år sin kontingent – Val:
-Formann – 1 års funksjonstid -Kasserar – 2 års funksjonstid -Sekretær – 2 års funksjonstid
Styremedlemmar – 2 års funksjonstid
3 varamedlemmar til styret – 2 års funksjonstid
2 revisorar – 2 års funksjonstid
Valnemnd med 3 medlemmar og 2 varamedlemmar – Val av to personar til å underskrive protokollen. – Behandling av innkomne forslag. Det er hytteeigarar og tomteeigarar og respektive partnarar som kan veljast. Kun ein frå kvar hytte eller tomt kan ha styreverv. Føreliggjande saker skal avgjerast ved alminnelig fleirtal. Fråverande medlem kan røyste gjennom ein annan medlem ved skriftleg fullmakt. Ved lik røystegjeving blir det fortatt ei ny avrøysting. Viser anna gongs avrøysting også lik røystegjeving kan saka bli avgjort ved formannen si dobbeltrøyst. Det skal kallast saman til ekstraordinært årsmøte når styret sitt fleirtal eller minst 2/3 av medlemmane krev det. Krav om dette sendast skriftleg til styret med melding om kva som er ønska behandla. Møtet blir kalla inn om mogleg med minst 14 dagars varsel med sakliste. Berre sakar som er nemnt i innkallinga kan behandlast på slike ekstraordinære årsmøte.

§ 8 UTVAL / NEMNDER
Utval og/eller nemnder med spesielle oppdrag kan bli oppnemnt av årsmøtet, medlemsmøte eller av styret.

§ 9 MEDLEMSMØTER
Medlemsmøte kan kallast saman av styret når dei finn det naudsynt.

§ 10 VEDTEKTSENDRINGAR
Endring av vedtektene kan berre skje på årsmøtet. Forslag om endring i vedtektene må sendast skriftleg til styret innan 1. juli. Til endring av vedtektene er kravet 2/3 av dei gjevne røystene.

§ 11 OPPLØYSNING
Oppløysing av hytteforeininga kan berre bli avgjort når 3/4 av dei gjevne røystene for det. Om foreininga skal løysast opp skal eventuelle midlar nyttast til trivsels- og miljøbetringar for hytteeigarane.

§ 12 IKRAFTGJERING
Disse vedtektene er i kraft fra 15.9.2012