Frå gamalt av var dalføret rikt på mange dyreartar – både storvilt, rovvilt og småvilt. Men etter som tidene har forandra seg, har nokre artar måttet gi tapt ovarfor vår moderne sivilisasjon.

Vårt største rovdyr, bjørnen, har for lenge sidan mista sitt kongerike og den siste blei skoten i Eiterdalen i 1923. Og når vi først er inne på bjørnejakt kan ein ikkje kome utanom jeger- og fangstmannen Anders L. Holten (Anders på Stobakkå). Han jakta på bjørn inni Vindøldalen og i tilstøtende sidedaler, ofte saman med kameraten Hermann Mauset. Mange av jaktopplevingane til Anders var fyllte slit og fare, men han var lettbeint og seig som ikke ga seg med det første. Anders hadde ei jaktbok kor han nøye noterte ned fangsten sin og i løpet av si lange jaktkarriere kunne han vise til denne fangsten: 2329 ryper, 210 orrhanar, 68 orrhøner, 112 tiur, 23 røyer, 6 ørnar, 8 elgar, 18 hjortar, 139 harar, 181 revar, 40 mår, 17 røyskattar, 3 otrar, 1 gaupe og 5 bjørnar. Resultatet vitnar om ein stor fangstmann. Anders på Stobakken såg dagens lys i 1870 og starta i tidleg alder som jeger og fangstmann. Anders og kona fekk mange barn og jakta blei ein viktig attåtnæring til ein stor familie. Anders døydde på Stobakken i 1958, 88 år gamal, og med han kan ein vel trygt seie at han var den siste og største jegeren som også tidvis levde av jakt og fangst i Vindøldalen.

Min første tur til Vindøldalen som jeger var i 1962 og då saman med barnebarnet til Anders Holten, Asbjørn Holten. Vi jakta den gongen i Tinnfjellet på skarven og vi hadde nokre fine dagar med snill fjellrype. Frå den turen blei eg virkeleg glad i dalen og fjellene med all den uberørte naturen som vi opplevde. Den gongen var det berre nokre få hytter og elles dei setrene som fortsatt eksisterer. Eg har sidan 1962 jakta i Vindøldalen kvart einaste år og har slik fått mange rike minner fra den fine naturen.

Etter som utbygginga av Trollheimen kraftanlegg kom i gang i 1964 blei det store endringar i dalføret, både med veg og regulering av Vindøla. Etter anleggstida kom også hyttebygginga så smått i gang og har no utvikla seg til eit populært hytteområde. Med betydelege naturinngrep i Folldalen (Follsjøen/Gråsjøen) blei naturlege trekkruter for hjortevilt øydelagde og hjortebestanden i dalføret fekk ein nedgang. I dag blir det jakta på storvilt i Vindøldalen, men i betydeleg mindre omfang enn tidlegere tider. Dei få dyra som finst i dalføret er å betrakte som streifdyr og trekkjer ut av dalen seint på hausten. Nokre få elgar kan fortsatt sporast på vinters tid, men her er det også vanskeleg å få ein stamme til å overvintre. Jaktmuligheitene i Vindøldalen for småvilt er noko begrensa, da ein del jaktområder blir leigd ut privat. Men utmarkslaget sel jaktkort som omfattar rype og harejakt i tida 10.09. – 28.02. Skogsfuglen er freda og det er ikkje tillatt jakt med hund.

Fiskemuligheitene i Vindøldalen har sine begrensningar med omsyn til regulering av Vindøla. I elva er fisken liten, men drar ein opp i fjellet til Vassdalsvatnet eller vatn som ligge ved Fruhøtta/Eiterdalen, kan dei vere heldige å få fin fjellaure.
Om ikkje fangsten er så stor, så er turopplevinga den aller beste.

Trygve Talgø