Velkomen til Vindøldalen

Vindøldalen er ein sidedal til Surnadal på Nordmøre, ca. 12 mil frå Trondheim, og ca. 7 mil frå Kristiansund. Dalen ligg vel 300 m.o.h., og var frå gamalt av flittig bruka til utmarksnæring. I 1970 blei det bygd bilveg frå Holtamoan i Surnadal, og det gjorde dalen lett tilgjengelig for alle. Det har ført til at det har blitt bygd mange hytter i dalen, og er et veldig populært utgangspunkt for flotte turar i Trollheimen. Snota med sine 1668 m.o.h ligg i enden av dalen. Den indre delen av dalen er regulert som landskapsvernområde.

Vegen frå bygda og inn til Pebua er 9 km lang og er heilårs bomveig I 1978 blei vegen forlenga med 5 km inn til Breiskarbekken, der det også er tilrettelagt for parkering. Denne delen er vinterstengt og det er vegstyret som bestemmer åpningsdato hver vår. (Her må nøkkel kjøpast. For tida er ingen nøkkel tilgjengelig da opplaget er begrensa. For meir info., ta kontakt med Ola M. Fiske tlf. 92225908)

På Pebua er det anlagt ein stor parkeringsplass. Herfrå kan du utforske og nyte den praktfulle naturen som Trollheimen og Vindøldalen kan by på sommar som vinter. Det er mobildekning i dalen (Telenor og Netcom).

Vindøldalen Hytteforeining blei etablert hausten 2005, og vil saman med utmarkslaget, kommunen og andre vere med på å gjere dalen enda mer attraktiv som utfartsområde.