Innhaldet er frå ei særoppgåve i 1997 av Elin Moen Lysø. Ho har henta stoff fra Norsk stadnamnleksikon av Jørn Sandenes og Ola Stemshaug på det norske samlaget 1976, Setrane i Surnadal av Hans Hyldbakk 1975, vidare med informantar frå Nils Jomannstua og Erik L. Moen. Namna er organisert i grupper knytta til vatn, landskapsformasjonar, dalar, setrer og gardar, øyer (også i tyding elveslette) og andre namn. Under kvar gruppe er dei organisert alfabetisk, ei lydskrift på uttalen og ei kartreferanse. Vidare er det gjeve ei forklaring på opphavet av namnet.

Skrivemåte og namnevedtak er og noko av det du finn i Sentralt stadnamnregister på norgeskart.no.

 

Namn knytta til vatn

Bjørkøybekken (Austre-)
bjærskeibækken (Æster-)
00,80
Bekk som kjem frå Tindfjellet, på austsida av Vindøladalen.
Førsteleddet har nok sin bakgrunn i at det er bjørkeskog på nede på elvesletten der bekken renn ut, og når elveslette på Surnadalsk gjerne heiter øy (ei), har bekken fått namnet Bjørkøybekken. Austre- kjem av at bekken kjem frå den austre sida av Vindøladalen.

Bjørkøybekken (Vestre-)
bjærskeibækken (Ytter-)
98,80
Bekk som kjem frå Kufjellet, på vestsida av Vindøldalen. Renn ved Bjørkøysetra.
Namnet på denne bekken har same bakgrunn som Auster Bjørkøybekken. Ytre-, kjem av at bekken kjem frå den vestre (yter på Surnadalsk) sida av Vindøldalen

Breiskardsbekken
breiska:rsbækken
01,75
Bekk som kjem frå Breiskardet, på austsida av Vindøladalen.
Førstedelen av namnet, kjem av det skardet (hakk i fjellryggen), som bekken kjem frå er breitt.

Bytbekken
bytbækken
00,79
Bekk som kjem frå Tindfjellet, på austsida av Vindøladalen.
Førstedelen av namnet, kjem av at denne bekken er ein grensebekk, og på Surnadals dialekta er eit byte det same som ei grense (mellom to jordeigarar).

Eitra
ætra
00,75
Elv som kjem frå Eiterdalsvatnet, og renn gjennom Eiterdalen.
Førstedelen av namnet har nok sitt grunnlag i det kalde vatnet i elva. Æterkalt heiter det på surnadalsdialekt . A- endinga til slutt, har bakgrunn i at elv er eit hokjønsord.

Fagerlidalsbekken
fagerlida:rsbækken
00,72
Bekk som renn gjennom Fagerlidalen, i den innerste (sørlegaste) delen av Vindøladalen.
Førstedelen av namnet kjem av at dalen denne bekken renn gjennom har så fagre lier (vakre dalsider).

Fauskåa
fæskåa
99,75
Elv som renn gjennom Faskådalen, på vestre sida av Vindøladalen.
Førstedelen av namnet kjem kanskje av surndalske ordet fæsk, som betyr tørt, gamalt, råte tre. I Fauskådalen, og på Fauskåfjellet er det ein god del gamle tre, dermed namnet. Sistedelen av namnet -åa kjem nok av at det er ei elv (ei å). A-endinga kjem av å er eit hokjønsord.

Harangsdalsbekken
harrangsda:rsbækken
00,81
Bekk som renn gjennom Harangsdalen, på austsida av Vindøldalen.
Førstedelen av namnet kjem av bekken renn gjennom Harangsdalen. Harangsdalen har vel namnet sitt p.g.a. at eigarane av denne dalen kom frå Harang i Øvre Surnadal.

Kammareitra
kammarætra
00,75
Kammareitra er ei utbrytar elv frå den siste delen av Eitra, som renn gjennom Eiterdalen på den vestre sida av Vindøladalen.
Førstedelen av namnet kjem av eit Surndalsk uttrykk for menneske avføring, kammar. Kvifor elva har fått første delen av namnet er eg ikkje sikker på, kanskje p.g.a. av at nokon har gjort sitt fornødne her, men det kan og tenkjast at elva har fått namnet fordi ho er ekkel (like ekkel som kammar) p.g.a. av at ho er nokså uframkommeleg, tre som heng over ho o.l. Siste delen av namnet er det same som i hovudelva Eitra (betydn. sjå Eitra).

Krokbekken
krokbækken
01,75
Bekk som kjem ned frå Tindfjellet, på austsida av Vindøldalen.
Namnet på denne bekken kjem nok at av den er krokekete.

Kudalsbekken
kuda:rsbækken
98,81
Bekk som renn gjennom Kudalen, på den vestre side av Vindøldalen.
Førstedelen av namnet kjem av at bekken renn gjennom Kudalen. Kudalen ligg ved sida av Kufjellet og har sansynlegvis gjeve namn til dalen. Kufjellet har kaskje fått namnet p.g.a. at kyrne gjerne har gått dit for å beite.

Langøybekken
langæybækken
01,77
Bekk som kjem frå Tindfjellet, på austsida av Vindøladalen.
Førstedelen av namnet kjem av at bekken renn ut ved Langøya. Langøya har sikkert fått dette namnet p.g.a. at det er ein lang elveslette, som på Surnadalsk gjerne blir kalla æy (øy).

Pebustoen
pebustoin
99,80
Foss i Vindøla, ved Pebua.
Første delen av namnet kjem av at han ligg ved Pebua. Pebua har sansyneleg namnet sitt frå at det ein gong har vore ein mann som heitte Per (på Surnadalsk ofte berre sagt Pe), som hadde enten ei hytte eller jaktbu der i området, dermed Pebua. Siste delen av namnet -stoen, kjem av det Surnadalske ordet for foss, stoe.

Røstabekken
røstabækken
00,78
Bekk som kjem frå Tindfjellet og renn ned ved Røstasetra, på austsida av Vindøladalen.
Første delen av namnet kjem av at mykje raud stein i området. Namnet kan dermed kome både av at det er ein “rød stad” eller at det er av rust (røst) farga stein. Om det var bekken, setra eller området som fekk namnet først, veit eg ikkje.

Røstavaet
røstava:e
00,78
Ein vadestad over Vindøla, litt nordvest for Røtasetra.
Tyding av først delen, sjå Røstabekken .Andre delen kjem av det Surnadalske ordet for vadestad, va.

Skrøåbekken
skråbækken
02,73
Bekk som kjem frå Skrøådalen, på austsida av Vindøladalen.
Første delen av namnet kjem av at bekken kjem frå Skrøadalen. Skrøådalen har namnet sitt av frå det surnadalske ordet skrøå, som betyr skred (fonn). Namnet kjem av at det ofte går jord/stein skred her.

Skrøådalsvatna
skrøåda:rsvatna
04,73
Fleire vatn i Skrøådalen (mellom Skrøåfjellet og Snota), på austsida av Vindøldalen.
Første delen av namnet kjem av at desse vatna ligg i Skrøådalen (tyding av Skrøådalen, sjå skrøåbekken)

Stølsseterbekken
stølsseterbækken
01,77
Bekk som kjem frå Tindfjellet, på austsida av Vindøldalen. Renn forbi Stølssetra.
Første delen av namnet kjem av at bekken renn forbi Stølssetra. Stølssetra er i dag namnet på eit område rundt der setra Stølssetra eingång låg. Denne setra låg antagelegvis der det før hadde lege ein gamal støl, og dermed fekk ho namnet Stølssetra.

Vassdalsbekken
vassda:rsbækken
01,72
Bekk som kjem frå vassdalen, lengst inn (sør) i Vindøldalen.
Første delen av namnet har den fått p.g.a. av at bekken kjem frå Vassdalen. Denne dalen har fått dette namnet fordi at det er eit vatn i dalen.

Vassdalsvatnet
vassda:rsvatne
02,71
Vatn som ligg inne i Vassdalen, lengst inn (sør) i Vindøladalen.
Første delen av namnet kjem av at dette vatnet ligg i Vassdalen (tying, sjå Vassdalsbekken).

Vindøla
vindølå
99,81
Elva som renn gjennom Vindøladalen.
Første leddet inneheld ein stum vind- som har samanheng med vinde (verb), som tyder snu, dreie. Vindøla gjer ein tydeleg krok før ho renn ut i Surna. Siste leddet -døla, ei avleiing av dal.

 

Namn knytta til landskapsformasjonar

Breiskardet
breiskare’
04,75
Hakk i fjellrygg på den søraustre delen av Vindadalen (mellom Tindfjellet og Skrøåfjellet). Passasje mellom Vindøladalen og Folldalen.
Namnet har det altså fått p.g.a. av at det er eit breit hakk i fjellryggen (skard).

Fauskåfjellet
fæskåfjeille’
97,77
Fjell (921 m.o.h.) på vestsida av Vindøladalen.
Tyding, sjå Fauskåa.

Fauskårabbane
fæskårabbain
99,75
Rabbar ved foten av Fauskåfjellet, på vestsida av Vindøladalen.
Tyding av den første delen av ordet, sjå Fauskåa. Den andre delen av ordet rabbar er fleirtalsform av det surnadalske ordet ein rabb, som tyder kolle.

Fruhøtta
fruhøttå
98,71
Fjell (1435 m.o.h.) i sørvestre (indre) del av Vindøladalen.
Tydinga av namnet veit eg ikkje.

Kobben
kåbbin
00,82
Stor rund kolle aust for Tronsgarden nordaust i Vindøladalen.
Namnet kan kanskje kome av at denne kollen lignar på ein Stein kobbe (sel).

Kufjellet
kufjeille’
96,79
Fjell (1005 m.o.h.) på vestre side av Vindøladalen.
Tyding sjå Kudalsbekken.

Langøyfjellet
langeifjeille’
98,78
Fjellside på vestre side av Vindøladalen.
Tyding sjå langøybekken.

Markusøyhammaren
morskuseihammar’n
99,79
Fjellhammar på austre side av Kufjellet (fjell på vestre side av Vindøladalen).
Første delen av namnet kjem av at denne fjellhammaren ligg rett over Markusøya. Denne øya har sansynlegvis vorte oppkalla av ein eller annan Markus. Andre delen kjem sjølvsagt av at det er ein (fjell-) hammar.

Seterfjellet
seterfjeille’
96,74
Fjell (1085 m.o.h.) i sørvestre del av Vindøladalen.
Namnet har det nok fått p.g.a. at det ligg over Eiterdalssetra.

Skinnfellberget
skinnfeillbærje’
97,74
Berg på austre side av Seterfjellet (fjell sørvest i Vindøladalen).
Første delen av namnet har det fått p.g.a. at det liknar på ein skinnfell. Andre delen kjem av at det er eit berg.

Skrøåfjellet
skrøåfjeille’
04,73
Fjell (1058 m.o.h.) i den søraustlege delen av Vindøladalen.
Tyding, sjå Skrøåbekken.

Slettfjellet
slittfjeille’
96,81
Fjell (733 m.o.h.) i nordvestre del av Vindøladalen.
Første delen av namnet kjem av at dette fjellet er jamt (slett), ingen bratte , uregelmessige kantar.

Snota
snotå
05,71
Fjell (1668 m.o.h. ) i søraustre del av Vindøladalen. Rekna for Trollheimens høgaste inntil Blåhø i seinare tid har vorte målt eit par meter høgare.
Namnet er ei avleiing av snut, som betyr snute, spiss.

Stygglia
støgglia
00,73
Bratt li på nordaustre side av Stygglifjellet, som ligg innerst (sør) i Vindøladalen.
Namnet kjem av at denne lia er svært bratt, støggbratt, som det heiter på surnadalsk.

Stygglifjellet
støgglifjellet
99,71
Fjell (1030 m.o.h.) innerst (sør) i Vindøladalen.
Namnet kjem av at det har svært bratte lier (støggbratte som det heiter på surnadalsk).

Tindfjellet
tinnfjeille’
03,78
Fjell (1167 m.o.h.) på aust sida av Vindøladalen.
Første delen av namnet kjem av ordet tind, som betyr høg, spiss fjelltopp. På toppen av Tindfjellet er det mange små toppar (tindar som på ei sag), dermed namnet.

Vassdalskamman
vassda:rskammain
01,71
Fjell (1182 m.o.h.) mellom Vassdalen og Fagerlidalen, innerst (sør) i Vindøladalen.
Første delen av namnet kjem av at dei ligg over Vassdalen (tyding, sjå Vassdalsbekken). Andre delen kjem av at det er fjellkammar (spiss fjellrygg)

 

Namn knytta til dalar

Eiterdalen
æterda:rn
97,73
Svært grøderik dal lengst inne i Vindøladalen. Elva Eitra som kjem frå Eiterdalsvatnet lengst inne i dalen, renn gjennom dalen.
Namnet æter har nok sitt grunnlag i kaldt vatn, æterkalt vatn. I Eiterdalsvatnet og Eitra er det
altså kaldt vatn, dermed namnet.

Fagerlidalen
fagerlida:rn
00,71
Dal mellom Stygglifjellet og Vassdalskamman, innerst (sør) i Vindøladalen.
Tyding, sjå Fagerlidalsbekken.

Fauskådalen
fæskåda:rn
97,75
Dal mellom Seterfjellet og Fauskåfjellet,på vestre side av Vindøladalen.
Tyding, sjå Fauskåa.

Harangsdalen
harrangsda:rn
03,82
Dal på nordsida av Tindfjellet, nordaust i Vindøladalen.
Tyding, sjå Harangsdalsbekken.

Kudalen
kuda:rn
97,80
Dal mellom Kufjellet og Slettfjellet, på vestre side av Vindøladalen.
Tyding, sjå Kudalsbekken.

Skrøådalen
Skrøåda:rn
02,73
Dal mellom Skrøåfjellet og Sota, på den søraustre sida av Vindøladalen.
Tyding, sjå Skrøåbekken.

Vassdalen
vassda:rn
02,71
Dal mellom Vassdalskamman og Snota, innerst (sør) i Vindøladalen.
Tyding, sjå Vassdalsbekken.

 

Namn knytta til setrer og gardar

Bjørkøysetra
bjærskeisetra
99,80
Seter ved Vestre-Bjørkøybekken, på vesre side av Vindøla. Siste sommar med setring var i 1946. Det er Austistua på Røv som eig ho. Setra er i bra stand og bruka som hytte.
Tyding, sjå Bjørkøybekken.

Breiskardssetra (Nedre-) / Teiga-Breiskardet
ne:rbræiskarssetra
01,75
Seter nord (heimanfor) Breiskarsbekken, på aust sida av Vindøladalen. Siste sommar med setring var i 1910. Teigan på Sogge som eig ho framleis. Setra er i bra stand og bruka som hytte.
Tyding, sjå Breisskardsbekken.

Breisskardssetra (Øvre-) / Honnstad-Breisskardet
øverbræiskarssetra
02,75
Seter sørfor (innanfor) krokbekken, ovanfor Nedre-breiskardssetra, på austsida av Vindøladalen. Denne setra var flytta hit frå Kjerringenga, der dei siste fastbuande i Vindøldalen budde, det kan ein sjå på korleis ho er, då ho både har svalgang og kava med loft over. Det er etter kommarane etter Ola Nergård i Meldal som eig setra. Ho er nyretaurert i regi av utmarkslaget og eigarane.
Tyding, sjå Breiskardsbekken.

Dompfjellsetra
dompfjeillsetra
99,79
Seter nedanfor korporalkilen, på vestsida av Vindøladalen. Antaglegvis den yngste setra i Vindøladalen, flytta hit frå Holtasetra straks etter andre verdskrig. Det var setring her til midt på femti talet. Seterhusa er enda i god stand. Det er Børstua i Moen som eig setra.
Namnet kjem av at setra ligg i ei domp i fjellsida av Kufjellet.

Eiterdalssetra
æterda:rssetra
98,74
Seter i Eiterdalen, sørvest i Vindøldalen. Eiterdalssetra vart bygd i 1879 av Ola Ingebrigtson i Utistua på Røv. Denne setra skal ha vore den største og beste setra i Vindøladalen. Her er det ei svært god buhamn og godt fjellbeite. Kanskje av dei beste i Trollheimen. Setra er enno i god stand. Framleis er det Utista på Røv som eig ho.
Tyding, sjå Eiterdalen.

Fjellslettet
fjeillslitte’
00,81
Område sør for Harangsdalen og aust for Holmane. På austsida av Vindøladalen. Det låg og ei seter her, og men setringa på ho vart nedlagt kring hundreårsskiftet.
Første delen av namnet fjell-, kjem kanskje av at området ligg opp mot Tindfjellet .-slitte kjem av at det er er eit område der det var dreve markaslått.

Holtasetra
holtasetra
98,82
Seter lengst nord (heim) i Vindøladalen, truleg ei av dei eldste setrene i dalen. Antagleg bygd rundt 1720. I 1945 var det bygd nye seterhus i to etasjar, den einaste av sitt slag i dalen. Siste sommar med setring, var i 1956. Brukt til overnattingsplass for turistar. Seterhusa står enno.
Namnet kjem av at setra høyrer Holten til.

Kjerringenga
kjærringeinna
01,76
Dette var ein gard som låg nordvest for Nedre Breisskardssetra, på austsida av Vindøladalen. Namnet fekk garden etter at mannen her svalt-/fraus i hjel på Kaldmyrhalsen i 1854, slik at kjerringa vart att aleine. Seinare vart husa flytta til Øvre Breidskardet, husa som står her no er flytta frå Stølssetra.

Kløftsetra (Nedre-)
ne:rkløftsetra
01,73
Seter sør for (innanfor) Skrøåbekken, sør i Vindøladalen. Antaglegvis bygd av Ingebrigt Gjertson Røv i 1860-åra. Setra var i bruk siste sommaren 1916. Det er Gammelstua på Røv som eig ho, og ho er restaurert og bruka som hytte.
Namnet kjem kanskje av at setra ligg i det området der Skrøåbekken og Vassdalsbekken møtes, dei dannar ei kløft som kvistane på eit tre.

Kløftsetra (Øvre-)
øverkløftsetra
02,73
Seter nord for (heimanfor) Skrøåbekken, sør i Vindøladalen. Blandt dei aller eldste setrane i Vindøladalen, bygd av Lars Ingebrigtson saman med Nils Mortenson omkring 1718 -20. Delvis restaurert og bruka som hytte. Det er Røvsgjerdet som eig ho i dag.
Tyding, sjå Nedre Kløftsetra.

Kontrabakken
kotrabakkain
01,76
Gard fram til 1860-åra, då familien til Gullik Jonson Elleveset som hadde budd her flytta til Amerika. Etterpå kjøpte Utistua i Moen eigendommen, og bygde seter der. Siste sommar med setring var i 1909, for året etter setra Utistua i Moen på Langøya. No visest berre tuftene av seterskjelet.
Namnet kontrabakken er nokså nytt, antageleg vis laga av Gullik, og betyr motbakke.

Langøyfjellsetra
langæifjeillsetra
99,78
Seter som ligg litt sørfor (innanfor) Åkerøya på vestsida av Vindøldalen, ho vart flytta dit i 1917 av Ola L. Mogstad ( frå Mogstadbreiskardet). Siste sommaren med setring var i 1948. Seterhusa er framleis i god stand. Eigarane er Gammelstua på Røv.
Namnet sitt har setra fått etter fjellet ovafor. Tyding, sjå Langøyfjellkilen.

Røstasetra
røstasetra
00,78
Seter ved Røstabekken, på austsida av Vindøladalen. Flytta opp dit ho står i dag i 1908, før sto ho ca.100 meter lengre ned på stølen, då i to etasjar, med fjøs i først etasje. Det vart slutta med setring her i 1945, men frå middten av seksti talet vart seterhusa på ny brukt som seter, og det blir ho framleis. Den oppmerka turistlinja til Folldalen går forbi setra, og var frå 1927 til 1945 brukt som overnattingsstad for turistar.
Tyding, sjå Røstabekken.

Stølssetra
stølssetra
01,77
Var eingong seter ved Stølssterbekken, på austsida av Vindøldalen. I dag er setra borte (flytta til Kjerringenga), men området rundt der ho låg ber framleis namnet. Siste sommar med setring her var i 1910.
Tyding, sjå Stølsseterbekken.

Trondsgarden
tronsga:rn
99,82
Var eingong gard lengst nord (heim) i Vindøladalen. Bygd rundt 1720. I dag ser ein så vidt tuftene av han, men område der han låg har framleis namnet.
Garden har sansynleg vis fått namnet av ei Trond, kanskje den første eigaren.

 

Namn knytta til øyer (også i tyding elveslette)

Kløftseterøya
kløftsetereia
01,74
Elveslette vest for (nedanfor) Kløftsetrene, på austsida av Vindøldalen.
Namnet har denne elvesletta fått av Kløftsetrene (tyding, sjå Nedre Kløftsetra), og øy p.g.a. av ei elveslette gjerne blir kalla ei (øy) på surnadalsk.

Langøya
langæia
00,77
Elveslette ved Langøybekken, på austsida av Vindøladalen.
Tyding, sjå Langøybekken.

Litjmelen
litjmern
99,78
Elveslette som elva gjær ein sving rundt, tvers over for Bytbekken (, som ligg på andre sida av Vindøla). På vestsida av Vindøladalen.
Namnet kjem av ordet mel, som tyder bratt bakke. På denne elvesletta er det ganske bratt ned til elva (utan akkurat i svingen), og når denne elvesletta er lita (litj er ein variant av liten), har namnet vorte slik.

Markusøya
morkusæia
99,79
Øy i Vindøla, nedanfor Kufjellet
Tyding, sjå Markusøyhammarn.

Nilsøya
nilsæia
00,76
Nokså stor elvslette på andre sida av elva (Vindøla) for utlapet av Fauskåa.
Denne elvesletta, som på surnadalsk gjerne blir æi (øy), er sansynlegvisvorte oppkalla etter ein mann med namnet Nils.

Nonsøya
nonsæia
00,77
Øy i Vindøla, nedom ( nordvest for) Stølssetra.
Namnet kjem vist av at sola skein på øya i kring nonstider på etterjulsvinteren. Non er det surnadalske namnet på det måltidet det var vanleg å ete på ettermiddagen (rundt 16.00-tida).

Ratøyane
ratæian
00,75
Elveslette mellom Eitra og Fauskåa, på vestsida av Vindøla.
Namnet kjem truleg av det surnadalske ordet rat, som tyder gammel, råten kvist (flostreng). Elvesletta er full av kvist o.l. p.g.a. av at Eitra og Fauskåa fløymer over ho når dei har stor vassføring. Tyding av øy, sjå Nilsøya.

Storøya
storæia
99,77
Stor elveslette, på andre sida av elva (Vindøla) for Stølssetra. På vestsida av Vindøldalen.
Namnet kjem av det er ei stor elveslette. (Tyding øy, sjå Nilsøya.)

Åkerøya
åkeræya
00,78
Øy i Vindøla, som ligg nedanfor (vest for) Røstasetra.
Når det gjeld denne øya har vi to teoriar, enten kan det har vore dyrka korn der eller så kan det være det at bjørkeskogen på ho var så fin som ein åker.

 

Andre namn

Gjøtane
jøtåin
00,78
Grasslogder nordaust for Røstasetra, på austsida av Vindøladalen.
Namnet kjem av det same ordet som vi har i gjøkalv. Det er altså bra med mat i området.

Holmane
holmain
99,80
Myrtereng nedanfor (vest for) Fjellslettet, på aust sida av Vindøla.
namnet kjem sansynlegvis av at det er berre nokre holmar med tørt land der.

Kaldmyrhalsen
kaillmyrha:rsn
99,80
Ope myrtereng vest for Vindøla, ved Markusøya. Det var her Ola Olsen Lundli som var fastbuande på Kjerringenga strøyk med av svolt og kulde i 1854.
Namnet kjem av det er eit ope myrområde med kald trekk frå Pebustoen. Hals, kjem av at det er ei smal myr, ein utlaupar av myra under (Kaldmyra).

Korporalkilen
korsporalkilin
99,79
Området mellom to bekkar (Kilbekkane) ved Dompfjellsetra, på vestsida av Vindøla.
Namnet har dette området fått p.g.a. at ein Korporal ( legste militær rang) kjøpte dette vesle området for å kunne ha rett til å stemma og å vera valbar ved storings-/herreds val. Kile er ein noko som er spist i den i den eine enden og blir gradvis breiare. Dette området ser slik ut, dermed namnet.

Langøyfjellkilen
langæyfjeillkilin
98,78
Eit område mellom to bekkar i Langøyfjellet, på vestsida av Vindøla.
Tyding Langøy, sjå Langøya. Tyding kile, sjå Korporalkilen.

Litjslettet
litjslitte’
00,79
Område som ligg nord for Mausetrøsta og sør for Pebua, på aust sida av Vindøla.
Namnet Litj, tyder liten/lite. -slittet, kjem av at det er eit område der det var markaslått (utslått).

Mausetrøsta
mæsetrøsta
00,78
Område innanfor (nord for) Røstabekken, på austsida av Vindøladalen.
Namnet kjem av at det var folk på Mauset som åtte der .Tyding røsta, sjå Røstabekken.

Midtistien
mittistin
01,78
Sti midt oppi lia opp mot Tindfjellet, på austsida av Vindøladalen.
Namnet kjem av at dette er den mitterste stien i denne lia.

Nyhøyløskogane
nyheiløskogain
99,77
Området rundt der Langøyfjellsetra ligg, på vestsida av Vindøladalen.
Namnet kjem kanskje av at det ein gong for lenge sidan hadde vorte bygd nokre nye høyløer der. Skog er det ikkje så mykje av der no, men kanskje det var meir før.

Paradiset
parradise’
01,78
Bratt sti opp mot Tindfjellet ovanfor (aust for) Røstasetra, på austsida av Vindøladalen.
Namnet har denne stien fått p.g.a. at den er så bratt at det går rett til himmels.

Pebua
pebua
01,79
Området mellom Austre Bjørkøybekken til Litjslettet, på austsida av Vindøladalen.
Tyding, sjå Pebustoen.

Storbotnen
storbåtn
02,78
Område opp mot Tindfjellet, på austsida av Vindøladalen.
Namnet kjem av at det er eit relativt flatt beite område, straks over skoggrensa omkrinsa av Tindfjell.