Ny vegtrase opp til Vindøldalen
Entreprenør Mikkelsen Maskin melder at ny trase i siste svingen før Holtamoen grustak vart åpna denne veka og berre noko finpussing står att.
Ny trase får ei slakare stigning enn den gamle bratte traseen som kunne vera glatt og vanskeleg på vinteren. Dermed blir det lettare for hyttefolk å køyre opp til Vindøldalen på snø- og isføre.
Grustaket lenger opp vil fortsatt fortsatt fungere som lagerplass for grus, men det vil ikkje bli produsert noko meir grus med det første.