Utesetting av brøytestikker
I helga vart det satt ut brøytestikker mellom Pebua og nesten heilt ned til Holtamoen. Dette vart gjort i samarbeid mellom hytteforeninga og vegstyret. Erik Moen frå vegstyret stilte med bil og tilhengar med brøytestikker og vi var 4 hytteeigarar som hjalp til nokre timar. Halvvegs spanderte også vegstyret pizza og brus på arbeidsstokken. Alt i alt så vart det ein triveleg dugnad og vi er no klar for ein eventuell tidleg vinter i Vindøldalen. Kanskje blir denne dugnaden og ein årleg tradisjon?