Kløvvegmarsjen 2016 – laurdag 6. august
Vi går den gamle kløvvegen til Vindøldalen. Vi startar frå Rabbanj klokka 10, eit stykke forbi steinbruddet oppi Vindøldalsvegen og går til Røsta. Undervegs blir det pause med bål og svartkjel. Hestar blir også med og vi tek oss god tid. Husk niste og godt fottøy.
Røstasetra er open med matsalg. Det blir mellom anna rømmegraut, bakels og musikk. Det er open bilveg fram til setra denne dagen (betal bom på Holtamoan). Velkomne alle! For meir info, klikk her.
Turfakta for Kløvvegen finst og i Kristiansund og Nordmøre Turistforening si brosjyre “Turer fra Vindøldalen” på side 10 og 11.
Dagen etter på søndag 7. august kl. 12 er det gudsteneste på Røstasetra.