Kløvvegmarsjen 2017 – laurdag 5. august
Bli med å halde liv i den tradisjonsrike Kløvvegen! Vi går den gamle kløvvegen/stien dei gjekk med krøttera inn til Vindøldalen. Det er sjølvsagt kløvhest med, og vi tek pausar med bål, svartkjel og forteljingar ved biolog og kulturformidlar Nils Røv undervegs. Levande musikk, sal av rømmegraut og anna godt på Røstasetra der turen endar. Bilveg heilt fram dit denne helga (betal bom på Holtamoan). Verneområdet i Trollheimen er 30 år i år! Det blir derfor spandert kaffe frå svartkjel og kake på alle som kjem! For meir info, klikk her. Dagen etter på søndag 6. august kl. 12 er det gudsteneste på Røstasetra.
Turfakta for Kløvvegen finst og i Kristiansund og Nordmøre Turistforening si brosjyre “Turer fra Vindøldalen” på side 10 og 11.