Kløvvegmarsjen laurdag 3. august 2019
Opplegget er som før; vi treffest litt før kl 10 på Rabbå og så går folk etter stigen til Vindøldalen. Vi veit ikkje kor mange hestar som blir med, men om ting klaffar blir det med to lamaer med kløv i år! På setra Røsta blir det opent for matsalg frå kl 12. Dit kan alle kome og så blir det ordna eit felles skyssopplegg for dei som har bil på Rabbå.
Nils Røv kjem på Røsta og vil spele munnspel ilag med Larsens Kvartett. Han vil også fortelje litt både gammelt og litt nyare historier frå dalen. Verd å få med seg. Og formålet med Kløvvegmarsjen er å halde stien open, så vi håpar det blir med mange og går.
Søndag er det gudsteneste på Røstasetra kl. 12.
Det blir matsalg med same menyen begge dagane. Rømmegraut med spekemat, bakels og kaffe. Velkomen!
Helsing Tove Mogstad
PS! Turfakta for Kløvvegen finst og i Kristiansund og Nordmøre Turistforening si brosjyre “Turer fra Vindøldalen” på side 10 og 11.