Kløvvegmarsjen 2015 – Laurdag 1. august
Vi går den gamle kløvvegen til Vindøldalen. Vi startar frå Rabbanj klokka 10, eit stykke forbi steinbruddet oppi Vindøldalsvegen og går til Røsta. Undervegs blir det pause med bål og svartkjel. Jon Moen og Siri Skjølsvoll vil fortelje om plassar vi passerer. Hestar blir også med og vi tek oss god tid. Husk niste og godt fottøy.
Røstasetra er open med matsalg frå kl 12. Det blir mellom anna rømmegraut, bakels og musikk med Larsens Kvartett. Det er open bilveg fram til setra denne dagen (betal bom på Holtamoan). Velkomne alle!
Turfakta for Kløvvegen finst og i Kristiansund og Nordmøre Turistforening si brosjyre “Turer fra Vindøldalen” på side 10 og 11.