Reguleringsplan Røsta hyttegrend – offentleg ettersyn
Hovudutval for teknikk, miljø og næring har vedtatt å sende forslag til reguleringsplan for Røsta hyttegrend ut til høyring og legge den ut til offentleg ettersyn. Reguleringsplana inneheld 37 nye hyttetomter på eigedomane 17/7 (23 nye tomter) og 17/8 (14 nye tomter). Det er planlagt bilveg fram mot enkelte av hyttetomtene. Vinterparkering er ikkje vist i plana, men må vere på plass før plana blir teke opp til sluttbehandling i kommunen.
Plankart og planbeskrivelse finn du til høgre på denne sida.
Eventuelle merknader kan sendast Surnadal kommune, 6650 Surnadal eller som e-post til: post@surnadal.kommune.no innan 8. januar 2016.